Offisielt startar ikkje Olaf Thommessen i stillinga som administrerande direktør, før 1. mai. Så lenge klarte han ikkje å vente før han hamna i TV-debatt med LO om karensdag. Bedriftsforbundet har fått ein offensiv og utålmodig sjef.

 
Publisert 13. Mars 2016
 
Næringslivsmannen og tidlegare nestleiaren i Venstre, har lang erfaring og stort nettverk som no kan kome Bedriftsforbundet til gode. Thommessen har ingen problem med å opplyse at han ikkje vart headhunta.
– Denne jobben hadde eg så sterk lyst på at eg søkte sjølv, seier han. Opp gjennom åra har 49-åringen hatt ulike rollar i norsk organisasjons- og næringsliv, og er dermed godt drilla til å takle medielyset når det skin som hardast. Han avviser at han er PR-kåt på eigne vegar, men er absolutt innstilt på å gjere Bedriftsforbundet meir synleg i mediebiletet.
– Eg trivst i medielyset, men det må vere når eg har noko eg vil formidle. Det er spesielt viktig at små- og mellomstore bedrifter blir høyrde og får betre vilkår. SMB utgjer stor del av det norske næringslivet og er viktige dersom vi skal oppretthalde velferdsstaten.
 

Står til teneste for medlemane

– Bedriftsforbundet har ei viktig rolle i norsk næringsliv og eit stort potensial, men eg ønskjer ikkje å kome med noko programerklæring enno. I desse dagar er eg meir som ein lærling. Eg vil bli godt kjent med organisasjonen, dei tilsette, tillitsvalde og medlemsmassen, før eg kjem med forslag til endring og utvikling.
 

Han har fått med seg at medlemsmassen er ekstremt fragmentert

– Det er spennande at vi har mange ulike typar medlemsbedrifter. Det dekker det meste av norsk næringsliv, men kanskje må vi på sikt fokusere på nokre bransjar. Og sjølvsagt er vi opne for å samarbeide med andre for å styrke vilkåra til medlemane, seier han, og røper dermed at tankearbeidet er satt i gang. – Vi må spegle medlemane våre. Det er jo difor Bedriftsforbundet eksisterer!
Det er ikkje mange treff når ein googlar Olaf Thommessen og Bedriftsforbundet. Men det blir det garantert ei endring på før 2016 er omme.

Del:

Facebook